Økonomiservice AS søkjer autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap
100 % stilling som autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap
Me søkjer etter autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap, og ser etter deg som har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.
Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester fordi kundane sine behov er i endring. Eit motto me har er å gjere kvardagen enklare for kundane våre, og derfor ynskjer med å levere effektive tenester av høg kvalitet. Med utgangspunkt i dette, er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.
Me kan tilby:
- Stor grad av fleksibilitet
- Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Kontorstad etter avtale
Kvalifikasjonar/eigenskapar:
- Autorisert rekneskapsførar med god kjennskap til landbruksrekneskap
- Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
- Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
- Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
- Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
- Gode IT-kunnskapar og systemforståing
Utvalde aktuelle arbeidsoppgåver:
- Oppdragsansvar for eiga kundeportefølje
- Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
- Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
- Arbeid med både manuelle og elektroniske rekneskap
- Rekneskapsføring, rapportering og årsoppgjer
Om oss:
- Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
- Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
- I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)
SAMAN SKAPAR ME VERDI – gjennom å vere Tett På – Løysingsorienterte – Framtidsretta
Les meir om Økonomiservice AS her
Sja stillinga på Finn her
Solgun Haugen (leiar Team Landbruk) telefon 40 42 10 76 eller
Catherine Stigen Bøen (dagleg leiar) telefon 48 16 71 22.