Arbeidstakar, ikkje-tilsett lønnsmottakar og næringsdrivande
Mange av reglane i arbeidslivet er forskjellig for arbeidstakarar, ikkje tilsett lønsmottakarar og næringsdrivande.
I forhold til skattereglane er hovudskillet mellom arbeidstakarar og næringsdrivande. Når det gjeld trygdereglar, og reglar for arbeidsmiljø, ferie og yrkesskade er hovudskillet mellom arbeidstakar og ikkje-tilsett lønnsmottakarar.
Oversikt over det viktigaste som skil mellom dei 3:
Arbeidstakarar | Ikkje-tilsett lønnsmottakarar* | Sjølvstendig næringsdrivande | ||
Folketrygdloven | Sjukepengar |
100% dekning opptil 6 x grunnbeløpet (arbeidsgivar betaler fyrste 16 kalenderdagar) |
Ingen dekning i arbeidsgivarperioden (16 kalenderdagar). 100% dekning frå og med dag 17. Kan teikne tilleggstrygd. | Ingen dekning i arbeidsgivarperioden (16 kalenderdagar). 100% dekning frå og med dag 17. Kan teikne tilleggstrygd. |
Foreldrepengar |
100% dekning opptil 6 x grunnbeløpet |
Eigne reglar | Eigne reglar | |
Yrkesskade | Er omfatta av loven | Utfor loven om det ikkje er teikna frivillig yrkesskadetrygd | Utfor loven om det ikkje er teikna frivillig yrkesskadetrygd | |
Dagpengar | Er omfatta av loven | Er omfatta av loven | Som hovudregel utfor loven | |
Arbeidsmiljøloven Arbeidstvistloven Ferieloven Lønsgarantiloven Permitteringslønnsloven Yrkesskadeforsikringsloven
|
Er omfatta av loven | Som hovudregel utfor loven | Som hovudregel utfor loven | |
Trygdeavgift |
Mellomsats (lønstakarar og næringsinntekt frå fiske) 8,0% for 2022 (8,2% for 2021) |
Mellomsats (lønstakarar og næringsinntekt frå fiske) 8,0% for 2022 (8,2% for 2021) |
Høy sats (næringsinntekt) 11,20% for 2022 (11,4% for 2021) |
|
Arbeidsgjevaravgift | Skal betale arbeidsgjevaravgift | Skal betale arbeidsgjevaravgift | Godtgjersle er ikkje avgiftsbelagt | |
Skatt | Arbeidsgjevar trekk og betalar forskotstrekk | Arbeidsgjevar trekk og betalar forskotstrekk | Betalar forskotsskatt | |
Meirverdiavgift | Utfor loven | Utfor loven | Registrerte næringsdrivande bereknar og betalar meirverdiavgift |
*Anna ord som også er brukt er «sjølvstendig oppdragstakarar»
Skilet mellom arbeidstakar eller næringsdrivande
Den som betaler for arbeid eller oppdrag, må vurdere om betalinga gjeld eit arbeidsforhold eller om det er betaling til næringsdrivande. Dette kan ha betydning for ansvarsfordeling på oppdrag/arbeid. Og det kan ha betydning i forhold til rettigheiter og plikter i regelverket som forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, sjukepengar, ulike forsikringsordningar med meir.
Forhold som fører i retning av sjølvstendig næringsverksemd:
- Fleire oppdragsgivarar
- Eige kontor eller produksjonslokale
- Eigne driftsmidlar og materiale
- Fakturere anna enn per time
- Har tilsette
- Ikkje krav på vederlag om oppdraget ikkje blir utført
- Må være meint å gå med overskot