Betalingar til sjølvstendig næringsdrivande
Alle næringsdrivande som har kjøpt tenester frå sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad i rekneskapsåret skal levere opplysningar om dette i skjema RF-1321.
Frist for innrapportering er 15.februar.
Eksempel på fast forretningsstad:
- Kontor med lønna personale
- Kontorklynge
- Heimekontor (må være innreda særskilt for denne virksomheten)
- Kontor med faste opningstider
- Ein fast plass som er offentleg kjent som fast forretningsstad for offentlegheita
Ta kontakt med din rekneskapsførar dersom dette gjelder deg!