Økonomiservice AS søkjer etter Rekneskapsførar/-rådgjevar
Me søkjer etter rekneskapsførar/-rådgjevar i Økonomiservice. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.
Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med fokus på nye digitale løysingar og tenester der kundane og dei ulike næringane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.
ME KAN TILBY:
- Stor grad av fleksibilitet
- Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Kontorstad etter avtale
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
- Minimum 2 års erfaring med arbeid innan økonomiområdet. Me vil også vurdere kandidatar med mindre erfaring som innehar gode kvalifikasjonar elles
- Bachelor eller mastergrad innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon eller anna relevant utdanning
- Autorisasjon som rekneskapsførar er ønskeleg, men ikkje noko krav
- Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
- Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
- Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
- Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
- Gode IT-kunnskapar og systemforståing
UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Ansvar for eiga kundeportefølje innan anna næring og/eller landbruk
- Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
- Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
- Årsrekneskap og skattepapir
- Rekneskap, budsjettering og rapportering
Om Økonomiservice AS:
- Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
- Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
- I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda
SAMAN SKAPAR ME VERDI – gjennom å vere Tett På – Løysingsorienterte – Framtidsretta
Søk nå!