Økonomiservice AS søkjer etter DAGLEG LEIAR
Ei spennande leiarrolle i Indre Sogn blir no ledig då noverande dagleg leiar har søkt nye utfordringar. Me søkjer etter ein dagleg leiar som fortrinnsvis har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande og som emnar å sjå heilskapen i ein større organisasjon. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer, saman med dei tilsette, å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.
Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.
ME KAN TILBY:
- Stor grad av fleksibilitet
- Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Kontorstad etter avtale
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
- Relevant arbeidserfaring frå næringslivet og gode leiareigenskapar
- Utdanning innan organisasjon og leiing, økonomi, rekneskap og/eller revisjon, eller annan relevant utdanning
- Trivast saman med andre og er god til å bygge trygge og langvarige relasjonar internt og eksternt
- Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
- Gode IT-kunnskapar og systemforståing
UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Leie og utvikle selskapet i tråd med overordna strategi og målsetnader
- Personalansvar, herunder ansvar for ei leiargruppe beståande av totalt 5 personar
- Ansvarleg for den løpande drifta av selskapet
- Følgje opp og vidareutvikle relasjonar og avtalar med noverande og framtidige samarbeidspartnarar
Om Økonomiservice AS:
- Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
- Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
- I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda
SAMAN SKAPAR ME VERDI – gjennom å vere Tett På – Løysingsorienterte – Framtidsretta
Søk nå!