Økonomiservice AS søkjer autorisert rekneskapsførar

Om stillinga:

Me søkjer etter autorisert rekneskapsførar ved vårt kontor på Leikanger. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.

Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.

Me kan tilby:

  • Stor grad av fleksibilitet
  • Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
  • Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Autorisert rekneskapsførar
  • Ynskjeleg med kunnskap om landbruksrekneskap, men ikkje noko krav
  • Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
  • Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
  • Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
  • Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
  • Gode IT-kunnskapar og systemforståing

Utvalde aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Oppdragsansvar for eiga kundeportefølje
  • Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
  • Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
  • Arbeid med både manuelle og elektroniske rekneskap
  • Rekneskapsføring, rapportering og årsoppgjer
Om oss:
  • Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
  • Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
  • I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)

SAMAN SKAPAR ME VERDI
– gjennom å vere Tett PåLøysingsorienterteFramtidsretta

Se stillinga på Finn her

Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Catherine Stigen Bøen på telefon 481 67 122.                                                       
Søknadsfrist er 15.10.2022. Vi gleder oss til å høyre frå deg 😊
Søk nå!

 

 

  • Max. file size: 300 MB.
  • Max. file size: 300 MB.
  • Dra og slipp filer her, eller
    Max. file size: 300 MB.