Stilling ledig

Stilling ledig. Vekstra Nord-Vest søkjer Controller

Vekstra Nord-Vest er eit autorisert rekneskapsførarselskap med 7 tilsette. Vi har kontor på Nordfjordeid, Sandane og i Ålesund. Vi er eit selskap i vekst med som vil forsterke vårt fokus på gode løysningar av arbeidsoppgåver, kunderelasjoner og stabilt god kvalitet på tenestene vi leverer. Vi er medlem av Vekstrakjeda som er samansett av 24 autoriserte rekneskaps- og rådgjevingskontor – med til saman over 250 kompetente medarbeidarar. Vi brukar moderne teknologi som sikrar fleksibilitet og kvalitet til nytte for kunder og tilsette.
Vi ønskjer at den vi ansetter har følgende kvalifikasjoner:
  • Registrert revisor eller autorisert rekneskapsførar.
  • Fokus på kvalitet samtidig som du ser det store bildet
  • Har gode datakunnskapar, og er omstillingsvilleg til nye programløysingar.
  • Serviceinnstilt, nøyaktig, samarbeidsvilleg, effektiv og har evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Har gode kommunikasjonsevner.

Arbeidsoppgåver
  • Assisterande dagleg leiar
  • Controlleroppgåver, avstemming og dokumentasjon
  • Overordna ansvar for kvalitetssikringsarbeidet vårt
  • Kvitvaskingsansvarleg
  • Risikostyring
  • Utarbeiding av årsrekneskap og likningspapir
  • Sal av konsulenttenester til eksisterande og nye kundar

Vi tilbyr:
  • Utfordrende stilling med varierte oppgaver
  • Særleg ansvar for kvalitesarbeid
  • Konkurransedyktig lønn
  • Faglig oppdatering og utviklingsmogelegheiter
  • Fleksibel arbeidstid
  • Deltaking i Vekstra si KS-gruppe og andre former for kompetanseheving

Kontorstad vil vere Ålesund eller Nordfjordeid, avhengig av søkar sin bustadadresse. Ein må rekne med noko reising mellom avdelingane.

Opplysningar om stillinga kan du få hos dagleg leiar Jan Ove Lotsberg på tlf 951 09 363, jan.ove.lotsberg@vekstra.no. Kortfattet søknad og CV kan sendast til jan.ove.lotsberg@vekstra.no

Søknadsfrist 05.04.19
  • Text Hover