Arbeidstakar, ikkje-tilsett lønnsmottakar og næringsdrivande

apr 28, 2022

Mange av reglane i arbeidslivet er forskjellig for arbeidstakarar, ikkje tilsett lønsmottakarar og næringsdrivande.  

I forhold til skattereglane er hovudskillet mellom arbeidstakarar og næringsdrivande. Når det gjeld trygdereglar, og reglar for arbeidsmiljø, ferie og yrkesskade er hovudskillet mellom arbeidstakar og ikkje-tilsett lønnsmottakarar.    

Oversikt over det viktigaste som skil mellom dei 3: 

  Arbeidstakarar  Ikkje-tilsett lønnsmottakarar*  Sjølvstendig næringsdrivande 
Folketrygdloven  Sjukepengar 

100% dekning opptil  

6 x grunnbeløpet (arbeidsgivar betaler fyrste 16 kalenderdagar) 

Ingen dekning i arbeidsgivarperioden (16 kalenderdagar). 100% dekning frå og med dag 17. Kan teikne tilleggstrygd.  Ingen dekning i arbeidsgivarperioden (16 kalenderdagar). 100% dekning frå og med dag 17. Kan teikne tilleggstrygd. 
Foreldrepengar 

100% dekning opptil  

6 x grunnbeløpet 

Eigne reglar  Eigne reglar 
Yrkesskade  Er omfatta av loven  Utfor loven om det ikkje er teikna frivillig yrkesskadetrygd  Utfor loven om det ikkje er teikna frivillig yrkesskadetrygd 
Dagpengar  Er omfatta av loven  Er omfatta av loven  Som hovudregel utfor loven 

Arbeidsmiljøloven 

Arbeidstvistloven 

Ferieloven 

Lønsgarantiloven 

Permitteringslønnsloven 

Yrkesskadeforsikringsloven 

 

Er omfatta av loven  Som hovudregel utfor loven  Som hovudregel utfor loven 
Trygdeavgift 

Mellomsats (lønstakarar og næringsinntekt frå fiske)  

8,0% for 2022 (8,2% for 2021) 

Mellomsats (lønstakarar og næringsinntekt frå fiske)  

8,0% for 2022  

(8,2% for 2021) 

Høy sats (næringsinntekt) 

11,20% for 2022 (11,4% for 2021) 

Arbeidsgjevaravgift   Skal betale arbeidsgjevaravgift  Skal betale arbeidsgjevaravgift  Godtgjersle er ikkje avgiftsbelagt 
Skatt  Arbeidsgjevar trekk og betalar forskotstrekk  Arbeidsgjevar trekk og betalar forskotstrekk  Betalar forskotsskatt 
Meirverdiavgift  Utfor loven  Utfor loven  Registrerte næringsdrivande bereknar og betalar meirverdiavgift 

*Anna ord som også er brukt er «sjølvstendig oppdragstakarar» 

Skilet mellom arbeidstakar eller næringsdrivande

Den som betaler for arbeid eller oppdrag, må vurdere om betalinga gjeld eit arbeidsforhold eller om det er betaling til næringsdrivande. Dette kan ha betydning for ansvarsfordeling på oppdrag/arbeid. Og det kan ha betydning i forhold til rettigheiter og plikter i regelverket som forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, sjukepengar, ulike forsikringsordningar med meir. 

Forhold som fører i retning av sjølvstendig næringsverksemd: 

  • Fleire oppdragsgivarar 
  • Eige kontor eller produksjonslokale 
  • Eigne driftsmidlar og materiale 
  • Fakturere anna enn per time 
  • Har tilsette 
  • Ikkje krav på vederlag om oppdraget ikkje blir utført 
  • Må være meint å gå med overskot 

Få med deg siste nytt!

Din økonomipartner