Hornindal Rekneskap blir partnar i Vekstra

nov 24, 2020

Vi har gleda av å informere dykk om at Hornindal Rekneskap går inn som franchisetakar i Vekstra-kjeda frå november 2020. Vi vil fortsatt vere eit sjølvstendig medlemseigd rekneskapskontor, samtidig som vi får fordeler av å vere i eit større fagleg og sosialt fellesskap 

Teknologisk utvikling er og vil vere særs viktig for rekneskapsbransjen. Som lite sjølvstendig kontor er det krevjande å halde seg oppdatert på nye automatiserte løysingar. Vi ser det som nødvendig å ta del i eit større fellesskap for å kunne eksistere i framtida.

Som medlem i Vekstra-kjeda vil vi få opplæring i, og kunne ta i bruk moderne verktøy til konkurransedyktige prisar. Vekstra-kjeda leverer gode tenester til ulike bransjar, og har fokus på dei fleste forretningsområder til små og mellomstore bedrifter.

Kva betyr det for deg som kunde at Hornindal Rekneskap blir ein del av Vekstra? 

Som kunde vil du merke liten forskjell. Vi vil få ny logo og nytt design. E-postadressa vår vert @vekstra.no. Gamle e-postadresser vil i ei overgangsperiode også kunne nyttast når de kontaktar oss.  

Har du spørsmål? Ta kontakt, så vil vi svare deg på telefon 57 87 84 40 eller e-post rasmus.saetren@hdrek.no 

 

Vennleg helsing  
Rasmus Olav Sætren 
Daglig leiar  

Hornindal Rekneskap

Autorisert rekneskapsførarselskap

Få med deg siste nytt!

Din økonomipartner