Hornindal Rekneskap AS har ledig stilling som rekneskapsførar

Hornindal Rekneskap søkjer rekneskapsførar

Til ledig stilling hos Hornindal Rekneskap søkjer vi rekneskapsførar som likar å jobbe med kundetilpassa rekneskapssystem, samt har interesse for it og automatisering. Arbeidsoppgåvene vi kan tilby er både utfordrande, spennande og varierte. Det er en fordel om du har erfaring med bedriftsrekneskap og landbruksrekneskap frå tidlegare, men ikkje eit krav. Manglar du erfaring så ynsker vi oss ein medarbeidar som vil bli god i faget. Stillinga er fulltid, men ein anna stillingsprosent kan tilpassast etter behov. Ambisjonen vår er å vere ein lokal og framtidsretta arbeidsplass med fokus på samarbeid, utvikling, trivsel og inkludering.

Arbeidsoppgåver under ledig stilling

  • Rekneskapsføring A til Å
  • Rapportering og rådgjeving
  • Utarbeiding av årsoppgjer/skattepapir
  • Porteføljeansvar
  • Kundekontakt

Ynska kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og rekneskapserfaring
  • Engasjert og fagleg sterk
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • Gode IT-kunnskap og forståing for digitale verktøy
  • Sjølvstendig og serviceorientert 
Hornindal Rekneskap AS tilbyr
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Ungt og uformelt arbeidsmiljø
Om Hornindal Rekneskap

Hornindal Rekneskap AS er eit godkjent rekneskapsselskap som har hovudkontor i Hornindal og avdelingskontor i Stryn. I dag er vi 7 tilsette, der 4 er statsautorisert rekneskapsførarar. Våre kundar er små og mellomstore selskap innan mange ulike bransjar. Vi ynskjer å bidra til å skape vekst og verdi for våre kundar, gjennom rådgjeving, digital utvikling og levere gode og stabile tenester.

Vi er partner i Vekstra-kjeda som med over 400 medarbeidarar, er ein av landets ledande aktør innan regnskapsbransjen. Du finn meir info om Vekstra og oss på vår hjemmeside

Ønsker du mer informasjon, ta kontakt med
Rasmus Olav Sætren på tlf. 975 21 207.
Vi vurderer søknader fortløpende, så ikke vent med å søke 😊
Bruk skjema under til å sende inn din søknad:
  • Max. file size: 300 MB.
  • Max. file size: 300 MB.
  • Dra og slipp filer her, eller
    Max. file size: 300 MB.