Hornindal Rekneskap blir ny partnar i Vekstra

des 18, 2020

Om Hornindal Rekneskap

Stortinget vedtok i 1969 ei ny lov om meirverdiavgift på varer og tenester som skulle gjerast gjeldande frå 1. januar 1970. Lova la m.a. opp til utvida rekneskapsførsel for ei yrkesgruppe som bøndene. Mange av dei syntest ikkje dei var kvalifiserte til å gjere dette arbeidet sjølve. Etter oppmoding frå landomfattande organisasjonar i næringa om å skipe rekneskapslag, tok Hornindal bondelag og Hornindal bonde- og småbrukarlag initiativ til å få i gang eit slikt tilbod. På eit møte den 14. mars 1970 vart så Hornindal Rekneskapslag BA, eit samvirketiltak, skipa.

Rekneskapslaget fekk avtale med Hornindal Sparebank om leige av kontorlokale, innbu og utstyr og rekneskapsføring. Kontorlokala i 2. etasje i banken vart etter kvart for små, og rekneskapslaget leigde difor delar av 1. etasje i Mikalsen-bygningen til kontor. Mesteparten av oppussinga av lokala vart utført på dugnad av dei tilsette før innflyttinga i oktober 2001.

Medlemskap i Norges bondelag

Heilt frå nyskipinga vart rekneskapslaget knytt opp mot Norges Bondelag sitt apparat som ein organisatorisk overbygning. Dette galdt m.a. tilgang til eit høveleg rekneskapsopplegg for skatterekneskap og driftsøkonomisk planlegging. Men rekneskapslaget fekk også fagleg hjelp og service i samband med skatt og eigedomsoverdraging. Deltaking på kurs for å halde kontoret oppdatert med endringar i lovverk og forskrifter var også viktig.

Tilsette sin kompetanse har alltid vore viktig

Som i alle andre yrke kravde endringar i lovverk og forskrifter at dei tilsette på rekneskapskontoret måtte halde seg oppdaterte og ajour med utviklinga. Nye saksområde som rekneskapslaget gjekk inn på, kravde det same. Kvart år har Sogn og Fjordane bondelag halde kurs for dei tilsette på rekneskapskontora. Etter det eg ser av årsmeldingane, ser dette ut til å ha vore obligatorisk frå 1973 av.

Kundar

Rekneskapsføring for bønder var, som sagt, årsaka til at Hornindal Rekneskap vart etablert, og frå starten var det bonden som var kunde til rekneskapslaget. Talet på kundar frå jordbruket minka gradvis av etter som fleire gav seg som bønder. Men auke i talet på nye kundar vog opp dette. I 2012 var talet på andre kundar større enn dei som kom frå jordbruket.

 

Ny dagleg leiar

I 2012 vart Rasmus Olav Sætren tilsett som ny dagleg leiar. Etter kvart som den  trufaste, tidlegare staben gjekk over i pensjonistane sine rekkjer, kom nye medarbeidarar til, fleire av dei var kvinner. Ved utgangen av 2018 hadde Hornindal Rekneskap SA fem fast tilsette, to menn og tre kvinner, med i underkant av fem årsverk.

Få med deg siste nytt!

Din økonomipartner