Ledige stillingar som rekneskapsførarar/ bedriftsrådgjevarar

jul 13, 2020

Me er i vekst og treng fleire dyktige og framoverlente medarbeidarar. Me søkjer difor etter rekneskapsførarar/bedriftsrådgjevarar. Primære kontorstader vil vere Leikanger og Årdal, men vedkomande vil òg kunne fungere som ein bidragsytar inn mot dei andre kontora i Økonomiservice AS.

Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.

ME KAN TILBY:
  • Stor grad av fleksibilitet
  • Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
  • Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
UTVALDE ARBEIDSOPPGÅVER:
  • Rekneskapsarbeid, rapportering, årsrekneskap og skattemeldingar for små og mellomstore verksemder og landbruk
  • Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
  • Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
  • Minimum bachelorgrad innan økonomi
  • Autorisert rekneskapsførar eller økonom med relevant erfaring. Nyutdanna blir òg vurdert
  • Trivast med kundekontakt og relasjonsbygging
  • Endrings- og lærevillig, løysingsorientert og proaktiv
  • Strukturert
  • Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
  • Gode IT-kunnskapar

STILLING BESATT

 

Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:

– Teamleiar Sogndal: Tor Henning Mardal på telefon 971 46 433 eller

– Assisterande leiar: Jon Arve Hatlevoll på telefon 916 32 837

 
SØKNAD med CV sendast til: tor.henning.mardal@vekstra.no.

SØKNADSFRIST 31.juli 2020

 

Om Økonomiservice AS

  • Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
  • Me er i dag 28 medarbeidarar fordelt på kontor i Lærdal, Sogndal, Leikanger, Årdal og Vang
  • I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstra-kjeda

Les meir om Økonomiservice AS

https://www.oks-as.no

Vekstra Økonomiservice AS