Økonomiservice AS søkjer kontorleiar ved sitt kontor i Leikanger

jul 13, 2020

Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle kontoret og selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen. Vedkomande vil òg fungere som ein sentral bidragsytar inn mot leiingsgruppa og dei andre kontora i Økonomiservice AS.

Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.

ME KAN TILBY:
  • Stor grad av fleksibilitet
  • Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
  • Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
UTVALDE ARBEIDSOPPGÅVER:
  • Leie kontoret i Leikanger og oppdragsansvar for rekneskapsoppdrag
  • Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
  • Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
  • Autorisert rekneskapsførar med god erfaring, men økonomar med solid og relevant erfaring blir òg vurdert
  • Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
  • Endringsvillig, løysingsorientert og proaktiv
  • Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
  • Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
  • Gode IT-kunnskapar
SAMAN SKAPAR ME VERDI – gjennom å vere Tett På Løysingsorienterte Framtidsretta

STILLING BESATT

 

Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:

– Teamleiar Sogndal: Tor Henning Mardal på telefon 971 46 433 eller

– Assisterande leiar: Jon Arve Hatlevoll på telefon 916 32 837

 
SØKNAD med CV sendast til: tor.henning.mardal@vekstra.no.

SØKNADSFRIST 31.juli 2020

Om Økonomiservice AS

  • Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
  • Me er i dag 28 medarbeidarar fordelt på kontor i Lærdal, Sogndal, Leikanger, Årdal og Vang
  • I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstra-kjeda

Les meir om Økonomiservice AS

https://www.oks-as.no

Vekstra Økonomiservice AS