Vekstra Hardanger og Voss AS har ledig stilling som Dagleg leiar
Vekstra Hardanger og Voss As søkjer Dagleg leiar
Noverande dagleg leiar ynskjer å trappe ned og me søkjer etter ny. Du vil få ansvar for å leia og vidareutvikla 3 kontor saman med dyktige kollegaer. I ein bransje som er i endring, søkjer me etter ein person som kan omstilla seg, er fleksibel på arbeidsoppgåver, vane med tidsfristar, strukturert og flink til å motivere. Du likar å ta ansvar og trivst i eit uformelt arbeidsmiljø
Me søkjer ein person med høgskuleutdanning innan eit eller fleire av desse områda:
- personalleiing
- forretningsutvikling
- organisasjonsleiing
- økonomi
- relevant erfaring kan kompensera for manglande høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar:
- resultatorientert, utadvent med gjennomføringsevne
- evne til å leia og motivere kompetente medarbeidarar
- god på kommunikasjon, relasjon og samarbeid
- løysingsorientert
Me kan tilby:
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- kontorstad Øystese eller Voss
telefon 56 52 07 70. Søknad sendes per epost til torgrim.aalvik@vekstra.no innen 6. desember 2020
Stilling besatt
Om Vekstra Hardanger og Voss AS
Vekstra Hardanger og Voss As er eit autorisert rekneskapskontor med 24 tilsette. Kontoret har avdelingar i Øystese, Ulvik og Voss. Det er tidlegare rekneskapslag (samvirkeføretak) i dei respektive avdelingane som eig aksjane i Vekstra Hardanger og Voss As. Rekneskapskontoret har omlag 800 kundar, fordelt på primær og forretning innanfor mange bransjar. Vekstra Hardanger og Voss As er partnar og aksjonær i Vekstra AS, ei landsomfattande kjede av rekneskapskontor