Økonomiservice AS har stilling ledig som Økonom/seniorkonsulent

mai 25, 2021

Me søkjer etter økonomar/seniorkonsulentar i Økonomiservice. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå økonomi, eksempelvis rekneskap, revisjon eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.

Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.

ME KAN TILBY:

  • Stor grad av fleksibilitet
  • Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
  • Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Kontorstad etter avtale

KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:

  • Minimum 1 års erfaring med arbeid innan økonomiområdet. Me vil også vurdere kandidatar med mindre erfaring som innehar gode kvalifikasjonar elles
  • Bachelor eller mastergrad innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon
  • Autorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel, men ikkje noko krav
  • Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
  • Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
  • Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
  • Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
  • Gode IT-kunnskapar og systemforståing

UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Ansvar for eiga kundeportefølje innan anna næring og/eller landbruk
  • Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
  • Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
  • Årsrekneskap og skattepapir
  • Rekneskap, budsjettering og rapportering

OM OSS:

  • Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
  • Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
  • I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)

SAMAN SKAPAR ME VERDI – gjennom å vere Tett PåLøysingsorienterteFramtidsretta

Søk nå!

Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Assisterande leiar Jon Arve Hatlevoll på telefon 916 32 837 eller epost jon.arve.hatlevoll@vekstra.no
  • Max. file size: 300 MB.
  • Max. file size: 300 MB.
  • Dra og slipp filer her, eller
    Max. file size: 300 MB.