Vi ønskjer Økonomiservice velkommen i Vekstra sitt partnerskap

mai 5, 2019

Økonomiservice AS går inn i Vekstrakjeda Det er med glede vi kan fortelle at vi har fått med oss enda eitt kontor i Vekstrakjeda. Frå 1. april 2019 blir Økonomiservice AS eit Vekstrakontor.
Økonomiservice er medlem i Regnskap Norge og er eit autorisert rekneskapsbyrå som held til i Lærdal, Sogndal, Årdal, Vang og Leikanger. Med 28 tilsette og 13 autoriserte rekneskapsførarar, er dei eit av dei større sjølvstendige rekneskapsbyråa i landet.
 
Økonomiservice har dei siste åra hatt fokus på kompetanseheving, teknologiutvikling og programvareutvikling. Verksemda har difor mange tilsette med god kompetanse innanfor alle fagområde. Dei har ein moderne teknologi og programvare som gjer dei tilsette svært mobile i arbeidet, og samtidig gjev kundane tilgang til sine rekneskap, f.eks. ved å ta ut sine eigne rekneskapsrapporter via internett.
 
Økonomiservice meiner framtida inneheld mange spanande utfordringar, spesielt når det gjeld teknologiutvikling og kompetanseutvikling. Strategiske satsingar for kontoret er difor å ta i bruk ny teknologi, utvikla kompetanse og sikre dei tilsette rett kompetansenivå.
 
Å inngå alliansar og samarbeid med selskap som det er naturleg å samarbeide med er ei viktig strategisk satsing for Økonomiservice. Vekstra ble vurdert og anset som ein solid partnar. 
 
Vi ønskjer Økonomiservice velkommen inn i vårt partnarskap

 

Få med deg siste nytt!

Din økonomipartner