Ypparlege regnskapsteneste og service frå Vekstra Fredheim

mai 8, 2019

Balder Brygg i Leikanger i Sogn starta opp ølproduksjon i juni 2012. Balder Brygg nyttar Vekstra Fredheim som rekneskapskontor. Hovudårsaka til at val av rekneskapsførar fall på Fredheim, er at dei leverar ypparlege teneste og service. Rekneskapen er i trygge hender og vert ført etter fastsette lover og reglar. At bryggjeriet og Vekstra Fredheim er lokalisert i same bygd er ein stor fordel for Balder Brygg. Nære relasjonar gjennom et langt liv, samt kort veg til bistand gir tryggleik.
 
Produksjonen til Balder Brygg er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen år gammal vestnorsk heimebryggtradisjon. Ifølgje den eldste norske lovgivinga, Gulatingslova, var det brot på kristenretten å unnlata å bryggja øl. Dette var eit viktig grunnlag for at øltradisjonen heldt seg oppe gjennom årstider med svarteprestar og fordømming av denne «gudegåva til menneska». På Austlandet tok spriten styringa og øltradisjonen fall bort.
 
Det faktum at Leikanger har 35-40 aktive heimebryggjarceller, understøttar forankringa vår og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å vidareutvikle desse vestnorske tradisjonane. Betre styring av prosessen og bruk av moderne gjærkulturar skal sikre resultatet og tydeleggjere profilen vår, samtidig som den vestlandske øltradisjonen vidareutviklast.
 
Balder satsar primært på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er ei unik satsing for eit mikrobryggjeri. Undergjæren løftar den gamle øltradisjonen til nye høgder for dei øltypane der vi vil framheve maltet som ølet sin kropp, slik vi gjer med vår Sognapils, Grabokk, Stabokk, Julebukk, Turken, Kjedlarpils og Eplepils. Denne produksjonsteknikken krev lengre gjæringstid, og sidan vi ikkje vil filtrere ølet vårt, og ei betydeleg lengre lagringstid enn overgjæra øl (ale). Denne ekstrakostnaden håpar vi at kundane våre er villige til å betale for ekstra god smak og klårare øl.
 
Vår Gammal-Ole, derimot, er ei rein vidareføring av gammal tradisjon utan ovannemnte forbetringar. Dette ølet representerer det typiske vestnorske heimabryggjet, slik vestlandske vikingar truleg tok det med til England, der denne tradisjonen er halden ved like gjennom dei såkalla old ale-ane.
 
Også vår Bergen Pale Ale (BPA) er overgjæra. Men vår pale ale skal ikkje dra sjøvegen til India, slik IPA-en skulle. Vår BPA skal berre over Vikafjellet og ned til Bergen. Humlinga er difor meir beskjeden, men gir frisk og sitrusprega lukt og smak – både i sin opphavlege 5,7 %-versjon og i butikkversjonen (4,7 %).
 
Tradisjonsbaserte produkt er kopla med tradisjonsbundne namn. Balder Brygg hentar inspirasjon til namn og logo frå den 8 meter høge bautaen Baldersteinen i Balders hage. Her trakka Harald Hårfagre sine barnebein, inntil han vart flytta til Karmøya. Balder Brygg satsar på kvalitet og nisjar. Ei klar nisje er altså vårt undergjæra øl. På denne måten foredlar vi det gode i gammal, lokal heimebryggtradisjon – ølet som sjølv gudane elskar – og deler det med våre kresne kundar.
 
Bærekraftig drift i Balder Brygg
Produksjon av øl har i hovudsak eit restavfall. Dette er det såkalla dravet (restar av maltet/kornet) etter at meiskinga er unnagjort og vørteren silt ut.
 
Balder Brygg leverer alt drav til ein lokal bonde som bruker dette som for til sine grisar. Saman med bonden planlegg vi nå testing av nokre av våre øl saman med grilla smågris som er fora på vårt drav. Balder Brygg ser på prosjektet som spanande og meiner dei kan garantere eit godt resultat!
 
Balder Brygg tappar omlag 90 % av sitt øl på glasflasker. Dei er medlem av Grønt punkt, som dokumenterer at omlag 95 % av glasflaskene returnerast som glasavfall som deretter resirkulerast. For eit bryggjeri som Balder Brygg, som leverer øl over store deler av landet, sjølv om det ligg ute i distriktet, er dette ei meir miljøvenleg ordning enn bruk av pant og retur til bryggjeriet.
 
Balder Brygg påpeiker at dei lagar det heilnorske ølet Norveg. I tillegg til norsk malt og humle, brukar vi lokale urter som sprake (einer) og Skårakonge (Bergmynte) i desse øla. Dei brukar saft av lokale eple og bringebær i høvesvis Eplepilsen, i Harald Hårfagre-ølet og Eirik Blodøks-ølet dei produserer.
 
At øl er kultur og tradisjon, er ingen floskel i Balder Brygg!

Få med deg siste nytt!

Din økonomipartner