Ledige stillingar som rekneskapsførarar/ bedriftsrådgjevarar
Ledige stillingar som rekneskapsførarar/ bedriftsrådgjevarar
Me er i vekst og treng fleire dyktige og framoverlente medarbeidarar. Me søkjer difor etter rekneskapsførarar/bedriftsrådgjevarar. Primære kontorstader vil vere Leikanger og Årdal, men vedkomande vil òg kunne fungere som ein bidragsytar inn mot dei andre kontora i Økonomiservice AS.
Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.
ME KAN TILBY:
- Stor grad av fleksibilitet
- Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
UTVALDE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Rekneskapsarbeid, rapportering, årsrekneskap og skattemeldingar for små og mellomstore verksemder og landbruk
- Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
- Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
- Minimum bachelorgrad innan økonomi
- Autorisert rekneskapsførar eller økonom med relevant erfaring. Nyutdanna blir òg vurdert
- Trivast med kundekontakt og relasjonsbygging
- Endrings- og lærevillig, løysingsorientert og proaktiv
- Strukturert
- Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
- Gode IT-kunnskapar
STILLING BESATT
Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:
– Teamleiar Sogndal: Tor Henning Mardal på telefon 971 46 433 eller
– Assisterande leiar: Jon Arve Hatlevoll på telefon 916 32 837
SØKNADSFRIST 31.juli 2020
Om Økonomiservice AS
- Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
- Me er i dag 28 medarbeidarar fordelt på kontor i Lærdal, Sogndal, Leikanger, Årdal og Vang
- I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstra-kjeda